Eit møte med vestlandsk mattradisjon
Omkransa av flott natur.
Skal du reise rundt på Vestlandet? Gløym ikkje å leggje turen innom Åkrafjordtunet – eit unikt serverings- og overnattingssted i eventyrlege omgivnader. Nyt eit fat med Norges beste spekemat mens du skuar utover det vakraste norsk natur har å by på. Me ynskjer deg hjerteleg velkomen til ei oppleving du seint vil gløyme!
Mat, handel og kvile ved Åkrafjorden
Butikk
Gjer deg klar for ein handel utanom det vanlege! I vår butikk finn du kolonialvarar og spekemat av unik kvalitet. Du kan sjå noko av utvalet i vår nettbutikk.
Kafé
Åkrafjorden er viden kjent for sine mattradisjonar og vår kafeteria er namngjeten for sitt gode kjøkken. Menyen vår er tufta på lokale råvarer, tradisjon og historie med røter heilt tilbake til 1870.
Catering
Skal du halde eit arrangement her på Vestlandet? Kokkane på Åkrafjordtunet har i mange år levert fantastiske cateringopplevingar til små og store selskap.
Overnatting
Fire leilegheiter – Langfoss, Vestly, Midtly og Austly – alle med bad, kjøkken og terrasse med utsikt over Åkrafjorden.
Møtelokale
Møtelokale i 3. etasje med panorama vindu og utsikt over Åkrafjorden. Lokala passer for grupper opp til 10 personer.
Elbillading
Vi har gjort vårt ytterste for å gjere Åkrafjordtunet til ein naturleg og attraktiv stoppestad på ferda di langs Vestlandet. Lad elbilen på vår ladestasjon mens du nyt ein god matbit i kafeen!
Ein av Noregs mest meritterte spekematprodusentar finn du hjå oss
Butikken på Åkrafjordtunet er kanskje Vestlandets største lokalmatutsal med over 30 direkte leverandørar.
Forutan vanlege kolonialvarer finn ein her eit vell av kvalitetsvarer – mellom anna kjøtt og pølser frå Johs. Lundal & Sønner. Vilt, pinnekjøtt, heimelaga karbonadar, ekte geitost, honning, hermetiserte plommer, klippfisk, røyke laks, nordlandskaker, lefser og flatbrød er berre nokon av spesialitetane me kan frista våre besøkande med.
Frukost ved fjorden
Onsdagar kl 09 - 11 - Underhaldning kl 10.00
Pris: kr 250,- per person - Kvar 6. frukost gratis!
7. oktober: Frukost ved Fjorden nr 300!
Dei som er opptatt av Vestlandets kulinariske opplevingar har ikkje noko anna val enn å leggje turen innom Åkrafjordtunet.
Utmerkingar
Årets Merkur-butikk 2011
I 2011 blei butikken kåra til norges beste bygdebutikk av Merkur. Litt over 500 bygdebutikkar er med i Merkur-programmet og deltok i konkurransen.
Noregs beste spekematprodusent 1998
Johs. Lundal & Sønner blei i 1998 kåra til Noregs beste spekematprodusent. Ein del av butikken fungerer som deira fabrikkutsal.
Mattradisjon sidan 1870
Vår meny er tufta på lokale råvarer, tradisjon og historie med røter heilt tilbake til 1870.
Kva seier gjestene våre?
Godt å vite før du kjem
Finn du ikkje svaret? Ring oss på 916 89 377 eller send e-post til post@akrafjordtunet.no.
Når er butikken open?
Alle dagar 07 - 23 (også heilagdagar). Butikken er betjent: måndag - laurdag 09 - 18, søndagar og heilagdagar 10 - 18. Elles er butikken digital og fjernbetjent - logg deg inn med ditt eige bankkort, og bruk kvitteringa for å komme deg ut.
Når er kafeen open?
Alle dagar 10 - 18. Servering av varmmat opnar kl 12 og stenger 30 min før me stenger for dagen.
Kan eg få take away?
Om Take Away er eit alternativ for deg, ring oss på 906 64 536.
Kor tidleg bør eg bestille catering?
Det er lurt å bestilla i god tid, helst 14 dagar før. Send forespørsel.
Korleis bookar eg overnatting?
Overnatting bookar du på Booking.com.
Kan eg lade elbilen hos dykk?
Stasjonen var ny i 2020 og er utstyrt med heile 8 uttak. 2 stk 150 KW og 4 stk 50 KW og 2 stk 20 KW. Velkommen til lading.

